mandag 23. april 2012

Sunn kveldsmat

Ikkje noko langt innlegg frå meg i dag, men om du vil ha litt inspirasjon til ein sunn og god kveldsmat, er her nokre bilete!
Enkel fruktsalat med banan, ananas og appelsin!



Focaccia med laks og eggerøre!

lørdag 21. april 2012

Blåbærsmoothie

Tenkte eg skulle dele ei kjemegod oppskrift til denne deilige blåbærsmoothien som er på biletet! 

1-2 dl blåbær
1 dl eplejuice
1 1/2 dl vaniljeyoghourt
Så kan du ha i banan for å få den tjukkare!

torsdag 19. april 2012

Birthday cupcakes

I dag har ei venninne av meg bursdag, så eg laga nokre cupcakes slik vi kunne "feire" på skulen i matfri. 
Brukte den vanlege oppskrifta til vaniljecupcakes (her) og frosting med både rosa og lilla farge i same. Må teste ut litt forskjellig!
Skulle gjere det enkelt og greitt, så begynte ikkje med fleire fargar, og brukte berre ein sort pynt.






                                                         Bilete med og utan blits.                           



tirsdag 17. april 2012

Smoothies: Påfyll etter trening

I dag laga eg smoothie til å ha etter trening. Smoothie er sunt og bra både før og etter trening.  Kan selfølgeleg drikkast som noko anna enn ein "sportsdrikk" også.
Oppskrift til bringebærsmoothie (som på bilete) :
                                                              3 dl naturell yoghourt
1 ss honning
2 dl frosne bringebær
1/2 dl eplejuice
1/2 ss sitron , pressa
Blir ca. 2 glas

Oppskrift til skogsbærsmoothie (eiga oppskrift):
1 dl eplejuice
1 eller 2 bananar
2 dl skogsbæryoghourt
ca. 3 dl frosne skogsbær

Om den skal serverast kan du jo kanskje pynte litt?  Her har eg pynta heilt enkelt med tre enkle bringebær.
Ekstra motiverande å trene når du veit at denne står i kjøleskapet og ventar!:)



lørdag 14. april 2012

Ordinary muffins

"hembakat"

Brukte denne oppskrifta med glasur av melis og vatn på toppen.  Dei er til ei venninne som har bursdag neste veke!  Planen er å ha cupcakes-fyll på dei som skal giast vekk.

fredag 13. april 2012

Nachos



Når ein kjem heim frå skule, og får i oppgåve å lage middag, er det ikkje like ofte ein vel det sunnaste .. ?  Eg har eksperimentert litt med nachos denne veka.  Nachos har eg laga fleire gongar, men denne gongen laga eg den med oliven og litt peperoni.  Oliven er ikkje det beste eg veit, men det smakte veldig godt! Eg brukar spesielle krydder og andre ting i kjøtdeigen og på toppen, så oppskrifta mi er "top secret"! Kan no seie at det raude på toppen er tamilsk grillkrydder! 

tirsdag 10. april 2012

Potato focaccia


I går laga eg ein anna sort focaccia - potato focaccia.
Den var kjempegod!  Eg legg med oppskrifta om du vil prøve.

Potato focaccia
1/2 pk gjær - eller helst mindre om du har god tid
4 1/2 dl vatn
3/4 dl salt
4-5 ms olivenolje
11-12 dl kveitemjøl

På toppen kan du strø på litt grovt salt, litt rosmarin og to til tre ms med olivenolje.

søndag 8. april 2012

Oppskrift til vaniljecupcakes



RØRE
125 g soyamargarin, romtemperert     
2 dl sukker
2 egg
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
1 ½ ts bakepulver
1 ts vaniljeessens

1.   Set omnen på 175 grader.
2.   Set 12 former i eit muffinsbrett.
3.   Rør sukker og margarin kvitt.
4.   Rør inn egga, eitt om gongen.
5.   Ha i mjøl/bakepulver og mjølk vekselvis.
6.   Tilset vaniljeessens.
7.   Fordel røra i muffinsformene.  Dei skal vere ca. 2/3 fulle.
8.   Steik kakene i midt i omnen i ca. 20 minutt.
9.   Avkjøl først kakene 5 minutt i forma før du legg dei på ei rist.

FROSTING
125 g soyamargarin, romtemperert
1 ts vaniljeessens
½ dl mjølk
6-7 dl melis
1 ts vaniljesukker
Konditorfarge

1.   Rør margarinen mjuk og smidig
2.   Ha i vaniljeessens. 
3.   Sikt i melis og vaniljesukker vekselvis med at du har i mjølka. Bland inn nok melis til at frostingen blir fast og smørbar.
4.   Tilsett konditorfarge.

Å lage cupcakes

For å lage fine cupcakes treng ein rett utstyr.  Sjølv bruker eg mykje utstyr frå Wilton.
Eg får mykje inspirasjon frå både blad og andre bloggar eller nettstader. 
Alle desse sølvtuppane er frå Wilton.


For å lage denne rosa har eg brukt Wilton sin 1M- tupp.
For å lage hjertet smelta eg kokesjokolade og pressa den ut frå ein av dei tynnaste tuppane ned på ein iskald tallerken.

Eg har både eingongsposar og sprøyteposar til gjenbruk.  Gjenbruksposen er berre å hive i vaskemaskina etter bruk.  Eingonsposane kan ein sjølvsagt bruke fleire gongar om ein vaskar dei godt i varmevatn.

Om ein festar på dette kviite "framstykket", kan ein lett skifte tupp.

Wilton 1M-tupp.

For å lage striper i frostingen , kan ein bruke ein strikkepinne eller ein grillspydpinne.  Då dyppar ein berre pinnen i litt farge og teiknar stripne inne i posen før ein legg inn i kremen.
Rosa striper til kvit glasur.

Påskecupcakes i lilla former. 

Mørkerosa glasur med pyntehjerter frå Wilton.


...

...

Rosafarge frå Wilton.  Ein kan kjøpe fargane i sett, eller kvar for seg til 60 kroner per stk.