søndag 8. april 2012

Å lage cupcakes

For å lage fine cupcakes treng ein rett utstyr.  Sjølv bruker eg mykje utstyr frå Wilton.
Eg får mykje inspirasjon frå både blad og andre bloggar eller nettstader. 
Alle desse sølvtuppane er frå Wilton.


For å lage denne rosa har eg brukt Wilton sin 1M- tupp.
For å lage hjertet smelta eg kokesjokolade og pressa den ut frå ein av dei tynnaste tuppane ned på ein iskald tallerken.

Eg har både eingongsposar og sprøyteposar til gjenbruk.  Gjenbruksposen er berre å hive i vaskemaskina etter bruk.  Eingonsposane kan ein sjølvsagt bruke fleire gongar om ein vaskar dei godt i varmevatn.

Om ein festar på dette kviite "framstykket", kan ein lett skifte tupp.

Wilton 1M-tupp.

For å lage striper i frostingen , kan ein bruke ein strikkepinne eller ein grillspydpinne.  Då dyppar ein berre pinnen i litt farge og teiknar stripne inne i posen før ein legg inn i kremen.
Rosa striper til kvit glasur.

Påskecupcakes i lilla former. 

Mørkerosa glasur med pyntehjerter frå Wilton.


...

...

Rosafarge frå Wilton.  Ein kan kjøpe fargane i sett, eller kvar for seg til 60 kroner per stk.


1 kommentar:

  1. Gratulerer med ein veldig fin blogg. Trur du kan starte Cupcakebakeri på dagen, så flink som du er. Dei er nesten for fine til å ete dissa kakene.

    SvarSlett