søndag 8. april 2012

Oppskrift til vaniljecupcakes



RØRE
125 g soyamargarin, romtemperert     
2 dl sukker
2 egg
1 dl mjølk
3 dl kveitemjøl
1 ½ ts bakepulver
1 ts vaniljeessens

1.   Set omnen på 175 grader.
2.   Set 12 former i eit muffinsbrett.
3.   Rør sukker og margarin kvitt.
4.   Rør inn egga, eitt om gongen.
5.   Ha i mjøl/bakepulver og mjølk vekselvis.
6.   Tilset vaniljeessens.
7.   Fordel røra i muffinsformene.  Dei skal vere ca. 2/3 fulle.
8.   Steik kakene i midt i omnen i ca. 20 minutt.
9.   Avkjøl først kakene 5 minutt i forma før du legg dei på ei rist.

FROSTING
125 g soyamargarin, romtemperert
1 ts vaniljeessens
½ dl mjølk
6-7 dl melis
1 ts vaniljesukker
Konditorfarge

1.   Rør margarinen mjuk og smidig
2.   Ha i vaniljeessens. 
3.   Sikt i melis og vaniljesukker vekselvis med at du har i mjølka. Bland inn nok melis til at frostingen blir fast og smørbar.
4.   Tilsett konditorfarge.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar