tirsdag 15. mai 2012

Rosecupcakes til konfirmasjon

Eg har ikkje baka mykje til min eigen konfirmajson, men cupcakes måtte eg lage! 
I går var konfirmasjonsdagen, og desse pyntehjerta frå Wilton vart kjøpte inn spessielt til anledninga.
 Bortsett frå dei, pynta eg også med mykje anna fin pynt frå Dr. Oekter.  Prøvde å ta litt bilete undervegs med tanke på bloggen denne gongen!

 Planen var å lage "rosecupcakes", så eg fordelte frostinegn i to skåler og farga eine rosa og den andre raud. 

 Formene er i frå Wilton.  Kjøpt på Jernia.


Nytt stativ også!






Passa perfekt til konfirmasjonspynten!

(Gløymde å publisere innlegget , men det vart skrive på søndag!)

søndag 6. mai 2012

Cupcakes

Denne boka som er skrive av Ingrid Hancock Bjerknes, fekk eg i gåve frå verdas beste mor i går!  Boka viser både utstyr, framgongsmåte, maange oppskrifter med bilete ++  Eg har kika i den mykje sia eg fekk den, og vil anbefale den på det høgste!


Eiga nettside her: http://www.hancockcupcakes.no/

fredag 4. mai 2012

Pizza steikt på steinplate

Før i veka prøvde eg noko som er nytt for meg, pizza steikt på ei steinplate inni steikeomnen. Det som var den største utfordringa var å få pizzaen frå kjøkenbenken ned på steinplata.  Steinplata skal nemleg stå inni frå før av og bli varm.  Denne steinen har vi hatt i hus lenge.  Det følgde med ei spade som kanskje kunne ha gjort jobben enklare, men den fann eg sjølvsagt ikkje! 
Pizzadeigen er etter ei heilt vanleg oppskrift, men fyllet ut i frå eigne tankar. 
Eg laga pizzadeigen rund ved å trykke den frå midten og ut til sidene.  Slik skal skorpa bli tjukk, medan midten blir tynnare.  Kan godt hende eg gjer det på feil måte, men eg såg det på eit matlagingsprogram på TV, og synest det funka godt!

Fyllet fann eg på sjølv, men med ei gamal oppskrift i bakhovudet.  Det eg gjorde var at eg tok cottage cheese i ei lita skål og helte litt olje i.  Dette blanda eg godt med litt finhakka chili, oppskorne grøne oliven, soltørka tomatar i små bitar og litt krydder.

Dette fyllet smørte eg utover pizzaen.(Ikkje ytterst.) Oppå dette smørte eg
 tomatpurè.  På toppen hadde eg riven ost, pizzakrydder og peperoni.  Eg laga to pizza, så den som er på øvste bilete har ikkje peperoni på.


Lykke til!

tirsdag 1. mai 2012

Iskrem

Kva passar vel ikje betre enn heimelaga iskrem på ein slik solrik dag ?


Planen var å legge ut oppskrift, men eg finn ikkje bileta eg tok til, så eg får legge den ut seinare! Men har har de bilete.