fredag 4. mai 2012

Pizza steikt på steinplate

Før i veka prøvde eg noko som er nytt for meg, pizza steikt på ei steinplate inni steikeomnen. Det som var den største utfordringa var å få pizzaen frå kjøkenbenken ned på steinplata.  Steinplata skal nemleg stå inni frå før av og bli varm.  Denne steinen har vi hatt i hus lenge.  Det følgde med ei spade som kanskje kunne ha gjort jobben enklare, men den fann eg sjølvsagt ikkje! 
Pizzadeigen er etter ei heilt vanleg oppskrift, men fyllet ut i frå eigne tankar. 
Eg laga pizzadeigen rund ved å trykke den frå midten og ut til sidene.  Slik skal skorpa bli tjukk, medan midten blir tynnare.  Kan godt hende eg gjer det på feil måte, men eg såg det på eit matlagingsprogram på TV, og synest det funka godt!

Fyllet fann eg på sjølv, men med ei gamal oppskrift i bakhovudet.  Det eg gjorde var at eg tok cottage cheese i ei lita skål og helte litt olje i.  Dette blanda eg godt med litt finhakka chili, oppskorne grøne oliven, soltørka tomatar i små bitar og litt krydder.

Dette fyllet smørte eg utover pizzaen.(Ikkje ytterst.) Oppå dette smørte eg
 tomatpurè.  På toppen hadde eg riven ost, pizzakrydder og peperoni.  Eg laga to pizza, så den som er på øvste bilete har ikkje peperoni på.


Lykke til!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar