I dag fann eg endeleg ei ny anledning til å lage cupcakes. Mai måtte ha våre sist gong eg laga...
Det er vel berre om sommaren og hausten ein kan lage cupcakes med ferske bær?
Eg bestemte meg for å lage dei i små former.
Både sukkerbokstavane og miniformene har eg kjøpt i Karlstad i Sverige.
Jordbær
Solbær
Eg fann også bringebær i hagen....
Rips
Mmmmm....
Eg har brukt akkurat same røre som dei andre gongane. (Bla litt nedover) Eg bruker ekte vaniljesukker, og smør, ikkje margarin. Forskjellen denne gongen, er at eg har brukt ny oppskrift på frostingen/glasuren.
Oppskrift, frosting:
3-4 ts sitronsaft
1/2 ts vaniljeessens
ca. 1/4 dl mjølk
60 g smør
4 dl sikta melis
(Skal du ha stiv frosting, tilsett du meir melis!)
Eg likte betre frostingen som eg har brukt her.
Ein kan også ha bær i sjølve røra.
Enjoy!
<3
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar